Tittel: Varg Veum Bitre Blomster
Utgitt: 1993
Forfattar: Gunnar Staalesen
Sjanger: Kriminalroman
Sidetal: 288 sider
Om boka:
Bitre Blomster er skreve av Gunnar Staalesen. Han er ein forfattar som er født og oppvaksen i Bergen. Han lar alle handlingane i kriminal romanane sine føregå i sin eigen heimby. Gunnar Staalesen sine bøker går under sjangeren kriminalroman, men dei er ikkje skreve utelukkande for å underhalda. Kvar bok har ein nøye gjennomtenkt kritikk av samfunnet. Ofte skildrar Staalesen kulden og einsamheta i samfunnet. Ein nøkkel faktor i Staalesen sine romanar er dei sarkastiske kommentarane. Gunnar Staalesen har gjort seg bumerka gjennom å ver den første til å introdusera sosialrealismen inn i norsk krimlitteratur.
Bitre Blomster er den niande boka om privatdetektiven Varg Veum av i alt 16 stykk. Boka blei gitt ut i 1993 og omdiskuterar miljøforbrytelsar og dumping av miljøgiftar. Da er den første boka om Varg Veum som er filmatisert. Totalt er syv bøk blitt filmatisert til no og da er planlagt at da skal lagas film av fem stykk til.
Referat:
Romanen Bitre Blomster er skreve av Gunnar Staalesen. Romanen handlar om privatetterforskaren Varg Veum og handliga er i all hovudsak knytte til Bergen og distrikta omkring. I Bitre Blomster bler Varg oppsøkt av ein framståande politikar som heite Vibeke Fara. Dottera hennar heite Kamilla og blei borte midt på natta. Vibeke ber Varg om å finna elskaren hennar Karsten Aslaksen som var tilstades kvelden då Kamilla forsvann. Varg tar saka og startar leitinga. Han finn fort ut at da føregår noko på fabrikken til Karsten sin arbeidsgivar Norrlon. Da er eit selskap som driv med kjemikaliar. Karsten e kjemiingeniør og har gode kjennskapar til kjemi. I postkassen til Karsten finn Varg ein rekning frå Kvamskogen hytteutleige. Varg køyrar ut til Kvamskogen for å sjå etter ham. Varg kikkar inn gjennom vindaugo på får auge på ein mann som ligg på sofaen. Han forsøkar å banka på men får ingen reaksjon. Varg bryt opp døra og går inn, men han merkar at da er ein gass i rommet og spring ut att. Med ein spade knusar han alle vindaugo for å la gassen sleppa ut føre han går inn att for å henta mannen på sofaen. Mannen bler identifisert som Karsten Aslaksen og obduksjonen viste at han var blitt drepe av blåsyregass.
Varg besøker Vibeke for å snakka om kva som hadde hendt med Karsten Aslaksen. Då han er på vei til bilen sin får han auge på bror til Kamilla som heite Henrik. Han sit i familien sin bil å leke at han køyre. Av Henrik får Varg vita at Kamilla ofte sit på når han leke at han køyre i bilen, men som regel så sovnar ho i baksete. Av Vibeke hadde Varg blitt fortald at Karsten lånte bilen då han drog heim natta då Kamilla forsvann.
Varg fortsett å undersøkja hendinga rundt Kamilla si forsvinning. Med god hjelp frå Anna Keilhaug som er juridisk leiar i Norrlon oppdagar Varg grove kriminelle handlingar mot Karsten og Kamilla. Varg og Anna bler utsett for store farar medan dei jaktar på Kamilla og fellande bevis mot dei skuldige.
Personskildring om Varg Veum:
Varg Veum er hovudpersonen i romanen Bitre Blomster. Gunnar Staalesen har skreve 16 romanar med Varg Veum i hovudrolla. Varg er født i 1942 i Bergen og var son av trikkeførar Anders Veum. Varg har vært gift med Beate Larsen, men dei er separert. Saman har dei sonen Thomas. Varg er ein høg og tynn mann med lyst, grånande hår. Stort sett går han i mørke klede og ein svart frakk.
I romanen Bitre Blomster viser Varg ein sterk rettferdssans og han synes da er heilt greitt å bryta loven dersom da er nødvendig for å kome til bunds i ei uløyst gåte. For eksempel har han ingen sperringar for å klatra øve gjerde til Norrlon for å sjekka kva som føregår der. Varg Veum er ein person som alltid tar side med dei svakaste personane i ein kvar situasjon. Han er utdanna sosionom og har jobba i barnevernet før han blei privatdetektiv. Grunnen til at han måtte slutta i barnevernet var at han gjekk til åtak på ein som hadde misbrukt ein mindreårig. Varg Veum bind seg ofte fast til sakane sine slik at han fort kan bli påverka av kjenslene sine.
Min eigen meining:
Eg synes Gunnar Staalesen sin roman Bitre Blomster er veldig godt skreve. Romanen er underhaldande med treffande kommentarar frå politimannen Jakob Hamre og Varg Veum sjølv. Samstundes skildrar den ulike samfunnsproblem, som korrupsjon og individualistanes jakt etter makt. Eg synes Bitre Blomster er ein strålande kriminalroman som passar for dei aller fleste så lenge ein likar bøk innanfor sjangeren krim. Eg vil anbefala Bitre Blomster på da varmaste til dykk som øskjer ein underhaldande kriminalroman med fart og spenning.